Voss HK ynskjer gi alle førsteklassingar i bygda eit tilbod om ballspel ein gong i veka.

Sesongen vår startar 16. oktober 2024, etter haustferien, og fram til påske spelar dei handball inne.

Treningane er for både guttar og jenter. Det betyr kjekk balleik og gode vener.

Handballtreningane  er på onsdagar kl. 17.00-18.00 i Voss idrettshall.

Kom på informasjonsmøtet vårt måndag 30. september kl. 18.00 i idrettshallen. Då får me moglegheita til å informere dykk om vårt tilbod!.

For å melde på bornet, send e-post til voss@rvn.handball.no

Har du spørsmål ring Birgitte 412 66 539 / Hilde 944 70 170

Handball er inkluderande – veldig engasjerande – gøy og lærerikt. 

Her er det plass til alle!

Vel møtt!