Lagleiarane sin hovudoppgåve er å ta ansvar for organisering av møte og for informasjonsdeling. Mange lag vel å dele opp oppgåvene i postar som «dugnadsansvarleg», «sosialt ansvarleg» og lagleiar. Nokre lag har to lagleiarar som deler på oppgåvene.
Hovudoppgåva til lagleiar er å fordele oppgåver i gruppa slik at laget har god støtte rundt seg. Dei andre foreldra må bidra til å løyse oppgåvene rundt laget.
Som lagleiar har ein eit ansvar å vidareformidle informasjon frå handballklubben. Det betyr at ein må delta på lagleiarmøter som klubben organiserer og at ein jamleg må sjekke klubben sin interne Facebookside og Messenger-gruppe.
Klubben tilrår alle lag å nytte Facebook-sida til laget og Spond-appen for å kommunisere med spelarar og foreldre. For meir informasjon om Spond, kontakt sportsleg leiar for ungdomshandballen Bodil Reime Sørlie.
Årshjul for lagleiarar
Sesongstart: August/ september
• Omberamma kampar som er sett opp på tider som ikkje passar før 1. september (sjå ressurssida for lagleiarar «Omberamming av kampar» på vosshk.no)
• Avhalde møte med trenarar for å planleggje sesongen
• Alle lag skal ha foreldremøte/spelarmøte for laget ved sesongstart. Lagleiar organiserer dette.
• Ajourføra spelarlister med namn, fødselsdato, adresse, e-post og tlf.
• For lag frå 13 år og eldre: Informere om lisens til laget, betalingsfrist 1. september. For meir informasjon om lisens, sjå ressursidar for lagleiarar på vosshk.no
• Levere oppdaterte spelarlista til styret på: voss@rvn.handball.no ved sesongstart og når endringar skjer i laget.
Desember
• Organisere juleavslutning for laget saman med trenar/ar.
Januar
• Lagleiar skal skrive ein lagmelding/ rapport om laget sin utvikling som bidrag til Voss HK sin årsrapport
Sesongslutt: Mars/april
• Organisere foreldremøte med trenar for laget for å få oversikt over kven som ønsker å fortsette, kva treningstider en ønsker, overlevere lagleiarverv dersom ein ikkje har høve til å fortsette og få vite om trenar vil fortsette med laget til neste sesong.
• Melde til klubben om ønska treningstider og oppmelding til serie.
• Melde om laget er for få til å stille lag
• Organisere sosial samling ved avslutning av sesong saman med trenar/ar.
Mai/Juni
• Saman med trenar sjekke kampoppsettet for haustsesongen og melde inn ønska endringar til klubben
Undervegs i sesongen
Informasjonsoppgåver
• Vere eit bindeledd mellom laget og Voss HK sitt styre
• Gje beskjed når spelarar sluttar og byrjar (voss@rvn.handball.no)
• Hjelpa trenar med informasjon til spelarar og foreldre, for eksempel oversikt over
treningstider, kampar, reiser, cupar og lignende.
• Informere Idrettshallen om timar som laget ikkje skal nytte i god tid, slik at klubben slepp å betale pengar for tom hall.
• Informera om klubbens avtale med aktuell sportsbutikk: 20% på Sport 1 (Amfi) på handballutstyr gjennom klubben.
• Informera om klubben sine støtteordningar for spelarar frå låginntektsfamiliar.
Omberamming av kampar
• Dersom laget ikkje kan spele kamp på bestemte datoar må laget ta kontakt med motstandarlag og avtal ny dato for gjennomføring av kamp.
• Dette må meldast inn på TurneringsAdmin SEINAST 10 dagar før kamp, elles blir ikkje omberamminga gjennomført. Brukarnamn og passord blir tildelt. Sjå Omberamming av kampar for meir informasjon.
• Dersom eit lag ikkje møter til kamp må laget sjølv dekkje inn denne kostnaden for klubben.
Organisering
• Organisere foreldrevakt/hjelp på treningar ved behov.
• Organisere køyring, dvs. opprette kjøyrelistar til lagets bortekampar i Bergen. Her er det viktig at alle foreldre bidrar i like stor grad i løpet av sesongen. Det enklaste er å innføra innbyrdes byting som foreldra ordnar sjølv.
• I samråd med trenar kalla inn til naudsynte møter (spelarmøte, møte med foreldre/føresette) mellom anna for å sikra god kommunikasjon, sikra god sosial og sportsleg utvikling for laget.
• Sette opp dugnadsliste for foreldre/spelarar for Voss handballcup som organiserast i slutten av april.
• Vera behjelpeleg med påmelding til turneringar i samarbeid med trenar. Organisera turar til turneringar i samarbeid med spelarar, foreldre og trenar.
Materiell
• I samarbeid med trenar forvalta lagets utstyr, t.d.: drakter, ballar og overtrekksvestar. Organisere vask av vestar minimum ein gong i månaden.
• Samla inn drakter etter kvar kamp og stilla på neste kamp med reint draktsett. Nokre lag vel at spelarane sjølv har ansvar for drakta.
• Forvalta medisinskrin, om ikkje trenaren tar denne oppgåva sjølv.
Innhald i medisinskrin; Isposar, tape, støttebandasje, saks, pumpe og plaster. Kontakt materialforvaltar for påfyll/innkjøp.
Økonomi
• Innkrevjing av medlemskontingent samt treningsavgift innan avtalte fristar. Her sender kasserar ut rekning på e-post til kvar enkelt spelar. Men seinare dersom nokon ikkje betalar vil lagleiar få liste på e-post slik at ein minner på foreldra til dei det gjeld. Ein måte å gjere dette på er legge ut lista med dei som har betalt slik at foreldra får ei påminning.
Lykke til med oppdraget!