Informasjon til føresette / nye spelarar
Velkomen til Voss Handballklubb
Det er viktig at du les informasjonen i de 6 punkt nedenfor. Her får du ei oversikt over det du treng å vite om medlemskap i klubben, kva det kostar å spele handball, kva en treng av utstyr og viktige informasjonskjelder om handballkampar o.a.
Kontaktinfo til styret i Voss HK og andre tillitsverv i klubben finn du i toppmenyen under “Om”.
Klubben er driven på frivillig basis. Alt som går føre seg i handballmiljøet drivast fram av klubben sine medlemmar, føresette og støttespelarar.
Me håper du vil vere med å laga eit godt handballmiljø på Voss i lag med oss!
1. Facebook og heimeside.
Lik sida til Voss handballklubb! Klubben har ein eigen facebookside https://www.facebook.com/vosshk
Det blir lagt ut informasjon, bileter, påminningar m.m.
Kvart lag har ei facebook gruppe som informasjonsverktøy frå lagleiarar/trenarar til foreldre/spelarar.
For å få mest mogleg informasjon må dykk sørgja for å bli medlem av denne gruppa.
Snakk med trenar eller lagleiar på laget.
Gjør deg kjend med heimeside til klubben www.vosshk.no.
Her finner dykk oppdatert informasjon om klubben, styret, Voss Handballcup, lag, lagledere, trenarar , medlemskap, støttemedlemskap, resultattabell og anna nødvendig informasjon frå forbundet generelt.
2. Min Idrett app (medlemsregister) og Min Håndball app (kamp- og spilleroversikt)
Min Idrett – sjekk ut https://minidrett.nif.no
Alle spelarar skal betala medlemskontingent som består av ei treningsavgift og ein medlemskontingent.
Frå Min Idrett kan du betale for lisensar, tevlingar, arrangement og kurs, samt skrive ut lisenskort.
Her kan foreldre kan få eit samla oversikt over medlemskapane til barna og gjere påmelding og betaling for desse på ein stad. Me ber føresette å lage ein brukar i Min idrett:
Slik lagar du ein brukar i Min idrett
Min Håndball app kan lastas ned på Google Play eller AppStore.
Her kan du følgje ditt eige lag, få varsel om kamper og kampendringar, resultat, varsel om dagens kampar.
Du kan også melde skade via portalen til Gjensidige.
3. Utstyr
Under trening og kamp må det brukast inne sko til egna bruk i idrettshall. Skoa skal ikkje ha mørke sålar, bruk gjerne handballsko.
Oppmodar at spelarane har med eigen ball på trening. Rekruttene treng ikke egen ball. Hugs å merka ballen med spelaren sitt namn.
Klubbdrakt til kampar får spelarane låne av Voss handballklubb. Spelaren må sjølv halda seg med shorts/ treningsbukse under kamp.
4. Inntektskjelder til klubben og lag.
Treningsavgift, sponsorer, tippemidlar, Voss Handballcup (VHC), støttemedlemskap og Dugnadsarbeid
Dugnader
Voss HK har 1 fast cup i året. Det er Voss Handball Cup for barn (VHC). VHC er klubben sin viktigaste inntektskjelde. Det er dette som gjer at prisane på medlemskap (og treningsavgifter) kan haldast på eit lågt nivå i klubben.
Alle foreldre og føresette som har born med i Voss HK MÅ difor delta på planlagde dugnad i regi av Voss Handball Cup.
Cupstyret har hovudansvaret for å delegere vidare til lagleiarar å sette opp dugnadslister for foreldra på laga. Cupen finn stad på våren ei helg i april. Dato for cup-helga blir sett opp ved sesongstart. Alle foreldre må tileigna seg informasjon om cupen på eit tidlig tidspunkt i sesongen. Om ein ikkje kan delta på dugnad under cuphelga MÅ dykk sjølv skaffa erstattar t.d. eldre sysken, besteforeldre, tanter og onkler etc.
Utover dette kan det einskilde lag organisera / ta på seg, eigne dugnader til inntekt for sitt eige lag for å kunne dra på andre cupar eller arrangere noko kjekt sosialt for laget.
Klubben har ei støtteordning for familier som har vanskar med å betale medlemsavgifter, lisens- og treningsavgifter for borna. Dersom du har behov for støtte, ta kontakt med lagleiar på laget ditt som kan formidle behovet vidare til oss eller send ein e-post direkte til klubben på; voss@rvn.handball.no
Satsar for medlemskap og treningsavgift
Medlemskontingent | Årskostnad kr |
Medlem | 400,- |
Støttemedlem | 400,- |
Medlem med verv i klubben 50,-
Treningsavgift, i tillegg til medlemskap. Treningsavgift er satt til kr. 0,- i 2024 og 2025 i den periode Voss Herad tester ut gratis halleige. Aldersgruppe |
|
Under 10 år (minihandball) | 0,- |
10 – 11 år | 0,- |
12 år | 600,- |
13 år | 600,- |
14 år | 725,- |
15 år | 775,- |
16 – 17 år | 775,- |
Over 18 år | 1225,- |
– Støttemedlemskap
Me oppmodar dykk til å kjøpe støttemedlemskap i klubben. Dette gir gratis inngang til alle
klubbens heimearrangement og gode tilbod hjå klubbens samarbeidspartnarar.
Samarbeidspartnarar : Sjekk klubbens heimeside.
– Grasrotandel , Norsk Tipping AS.
Sett gjerne din grasrotmottakar til Voss Handballklubb.
https://www.norsk-tipping.no/grasrotandelen/VossHK
5. Treningsvettregler og foreldrevett regler
Sett dykk godt inn i klubbens regler for spelarar og foreldre!
Treningsvettregler
- På trening og kamp SKAL håret være i strikk. Smykker, øyredobbar, hårklemmer, og klokker skal av.
- Ha med nødvendig utstyr som handball og handballsko.
- Vere ein god ven, vær mot andre slik du ynskjer at andre skal vere mot deg.
- Vere i ro med ball, kropp og munn når trenaren skal forklare noko.
- Hold din plass i køen, sniking er forbode.
- Felles drikkepausar.
- Alle hjelper til med å samle ballar, kjegler eller vestar.
- Ved brot på hovudsakleg treningsvettregler, skjer følgjande:
- Man får først ein åtvaring.
- Brot på reglar for andre gang er treninga ferdig for vedkommande.
- På neste trening må foreldra til den det gjelder vere tilstade mens treninga pågår.
Foreldrevettregler
- Møt opp til kamp. Borna ynskjer det.
- Oppmuntra alle spelarane under kampen. Ikkje berre eigne born.
- Oppmuntring både i medgang og motgang – ikkje gje kritikk.
- Ikkje forsøk å påverka borna under kamp.
- Ikkje kritiser dommaravgjersler. Sjå på dommaren som ein vegleiar.
- Lær borna å tole både siger og tap.
- Oppmuntra, ikkje press borna til å delta.
- Respekter lagleiars bruk av spelarar.
- Spør om kampen var morosam og spennande. Ikkje fokuser på resultatet.
- Sørg for riktig og fornuftig utstyr.
- Respekter arbeidet klubben gjer. Tilby di hjelp.
- Det er barnet ditt som spelar handball – ikkje du.
- Det viktigaste: At barnet ditt trivast, og har det moro saman med vener.
6. Klubbhandbok
Klubbhandboka finn dykk på linken under.
Me oppmodar dykk til å lesa heile klubbhandboka for å tileigna dykk mest mogleg nyttig informasjon om klubben.
Visjonen til Voss Handballklubb vil byggja på at klubben er ein lagidrett med breidde, humor, openheit, grundig og riktig grunntrening. Kjekke turar og positivt fellesskap.
For at me skal lukkast i å skapa eit godt miljø og eit positivt fellesskap er det viktig at du/dykk som føresette til spelarane i klubben set dykk godt inn i kva klubben kan tilby og kva klubben forventar av spelarar og foreldre.
For å starte å spela på eit av laga våre, sjå toppmenyen på sida vår med nedtrekkgardin “Lag”. Vel riktig aldersgruppe og du vil kome til ei side med kontaktinformasjon til trenarar og lagleiarar, og treningstider. Ta kontakt med lagleiar og trenar for å avtale når du eller bornet ditt kan starta å trene med laget.