Kven må ha politiattest?

Norsk idrett skal vera ein trygg stad å vera for alle. Idrettsstyret har derfor vedtatt at alle idrettslag pliktar å innhenta politiattest for personar som skal utføra oppgåver som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming.

Alle med tillitsverv i klubben må difor vise politiattest. Dette inkluderer trenarar, lagleiarar, dommarar og styremedlem. Politiattest skal sendast til politiattestansvarleg

Bodil Reime Sørli: Tlf. 95 80 52 24, e-post: bodilrs@gmail.com

Bakgrunn for kravet

Ordninga omfattar både tilsette og frivillige, og gjeld uansett om personen får lønn for oppdraget eller ikkje. Det avgjerande er kva oppgåver vedkommande skal ha i idrettslaget. Det er ikkje kvar og ein kontakt med mindreårige eller menneske med utviklingshemming som gir høve til å krevja politiattest. For at oppgåva skal sjåast på å innebera eit tillits- eller ansvarsforhold blir det meint normalt at oppgåva vil gi ein posisjon overfor mindreårige/menneske med utviklingshemming som gjer mogleg overgrep, og at oppgåva vil gi eller setja personen i ein slik posisjon over noko tid, enten samanhengande eller fleire gonger med jamne mellomrom.

Trenarar, instruktørar og lagleiarar som skal ha direkte kontakt med mindreårige eller menneske med utviklingshemming, vil alltid vera omfatta av ordninga.

Idrettsstyret har valt å gjera ordninga obligatorisk for å sikra at alle idrettslag har dei same gode rutinane for å førebygga overgrep. Alle mindreårige og menneske med utviklingshemming i norsk idrett skal ha den same ordninga og den same vernet uavhengig av kva idrett dei driv eller kva idrettslag dei er knytt til.

Korleis søke om politiattest?

Den som pliktar å framlegga ein politiattest til idrettslaget, skal sjølv senda søknaden til politiet.  Dette kan gjerast elektronisk eller per alminneleg post. Før vedkommande kan søka om ein politiattest må han/ho få ei stadfesting frå idrettslaget på at det finst eit behov for ein politiattest. Dette skjemaet, som kan lastast ned nedanfor, skal vedleggast søknaden. Kontakt enten leiar av Voss HK Hege Toje (hege.toje@gmail.com) eller sportsleg ansvarleg Bodil Reime Sørlie (bodilrs@gmail.com) for å få ei stadfesting av verv frå klubben.

Levering av søknad

Er søkjar over 18 år kan vedkommande skanna inn stadfestinga frå idrettslaget, og vedlegga dette i ein elektronisk søknad om politiattest:

For informasjon om hva som må legges med:

generell informasjon

Søk her via denne lenken:

https://attest.politi.no/

På papir:

Er søkar under 18 år, eller av andre grunnar ikkje kan eller ønsker å søka elektronisk, kan følgjande skjema nyttast:

Søknad om politiattest – Nynorsk

https://www.politiet.no/globalassets/02-tjenester-admin/politiattest/soknad-per-post/soknad-om-politiattest-n.pdf

 

Skjemaet blir send til:

Eininga til politiet for vandelskontroll og politiattestar

Postboks 113

9951 Vardø

 

Framvisning av politiattest

Etter at politiet har behandla søknaden blir den returnert til søkaren sjølv. Når politiattesten er mottatt skal denne blir framvist for han i idrettslaget som er ansvarleg for politiattestar. Vedkommande skal skriva ned opplysningar om kva personar som er kravde politiattest, at attesten er framvist og dato for framvisninga. Sjølve attesten blir behalden av søkaren.

Dersom det er merknader knytte til attesten, er det ikkje høve til å la vedkommande få utføra oppgåver for idrettslaget som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming. Det same er tilfellet dersom attest ikkje er innhenta eller ikkje framvist den politiattestansvarleg.

Organisasjonsleddet til idretten skal henta inn ny politiattest når den gjeldande er tre år gammal.

 

Ta kontakt med Bodil Reime Sørli når de skal søkja om politiattest, så signerer ho skjema og fører på paragrafar som skal vera på vedlegget.

Har de spørsmål berre ta kontakt !

Politiattest ansvarleg for Voss Handballklubb

Bodil Reime Sørlie

Tlf. 95 80 52 24

bodilrs@gmail.com